Preparert med tråkkemaskin på Sjusete

Lysløypa er idag preparert med tråkkemaskin 🙂 Fine forhold i heile runden. Sporsett heile runden. Dessverre seier vérmeldinga regn framover, så det er berre å nytta på!

Invitasjon familiesamling med Kvam LSK på Voss

Me har gleda av å invitere til familiesamling på snø 8-10. desember på Voss. Tilbodet gjeld for alle medlemer i Kvam LSK. Eit sportsleg og sosialt tiltak for heile familien – bli med! Me bur på arenahuset på Voss ski- og tursenter i Herresåsen. Dette vert ei...

«Skiføre» på Sjusete

Sjusete har det siste døgeret fått 15 cm våt snø. For dei som klør etter å koma seg ut på ski, så har asfaltløypa i dag vore rulla (ikkje sporsett) som ein test og det er mogleg å prøva seg med nokre gamle ski 🙂 3 km er også rulla og sporsett, men her er det ein del...

Endring i klubbjakke!!!

Dessverre har Swix oversolgt dunjakka me hadde prøvar på under klubbkvelden! Klubben har då i samarbeid med Mo Sport komen fram til eit alternativ frå Dæhlie med dunjakka Podium. Denne har veiledande pris kr. 2399,- for vaksen og kr.1599,- for born. Klubbpris vert som...

Utsett basar!

Det var vore spørsmål i det siste om det ikkje vert den årlege Kvam LSK basaren denne sesongen. Me har IKKJE gløymt den, men grunna at fleire har trekt seg frå basarnemda av ulike gyldige årsaka har styret vedteke å utsette basar til februar. For å gjennomføra basar...

Klubbkolleksjon og klubbkveld 31.oktober

Tysdag 31. oktober held Kvam LSK klubbkveld på Mo sport kl.18:00-20:00. Der kan ein prøva og bestille klede frå årets nye klubbkolleksjon, som er sterkt rabattert BERRE denne kvelden (sjå vedlegg for meir info og prisar). Mo Sport vil og ha...