Løypenett og preparering

Velkomen til Sjusete Skisenter. På kartet over kan ein sjå oversikt over løyper og korleis ein kjem seg til skisenteret. Frå Norheimsund og Øystese er det 8 minuttars kjøretid, som er markert med raudt på kartet. Frå parkeringsplassen er det umiddelbar tilkomst til skiløypene. Ved parkeringsplassen ligg også skistova og flotte akebakkar. Parkeringsplassen er også eit fint utgangspunkt for topptur til Torefjell som ligg 1050 moh. I skistova er det garderobar og toalettanlegg som er ope heile døgeret. I skistova er det også kafe på renndagar. I den eine garderoben er det også hjartestartar.

Kartet er henta frå skisporet.no. Til høgre for parkeringsplassen ser ein det som vert kalla “Kjosåsløypa”, og er markert med mørkeblått på kartet. Dette er ei løype som er ca 15 km lang, og er den mest familievennlige og minst kupperte løypa. Her får ein fin utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. Til venstre for parkeringsplassen, den blå løypa, er lysløypa som er 5 km lang. Dette er ei godt belyst løype (LED-lyd) som er belyst til kl. 23.00 kvar kveld. Den lilla løypa til venstre på kartet er løypa til Allkleiv. Denne er eit par km lang. Totalt er det ca 30 km løyper tilknytta Sjusete skisenter.

Sjusete Skisenter har i oppgåve å køyre løyper til bruk i konkurransar, treningar, fritid og ålmenn nytte. 

Det er GPS-tracking av trakkemaskin på skisporet.no. Last ned appen «Skisporet» og få status for løypekøyring rett på mobiltelefonen! IPhone – Android (Det er ikkje GPS-sporing ved tromling av løypa, men det vert opplyst på nettside/facebook).

I vekedagar vert løyper preparert for bruk innan kl. 10.00 kvar dag, og lysløypa og turløypa til Kjosås vert prioriterte. Ved dei fyrste snøfalla vert det prioritert å få etablert ein god såle i sjølve lysløypa og ved standplass! 

Lysløypa med tilhøyrande område vert preparert til kl. 17.00 ved treningar/serierenn (måndag, tysdag og torsdag). Med tilhøyrande område meinast standplass m/strafferundar, området rundt skihytta, leikområdet ved garasjen og myra nedanfor skihytta.

I helgar skal alle løyper i hovudsak vera preparert for bruk innan kl. 10.00, der turløypene vert prioritert først ved vanskelege snø-og vértilhøve. Lysløypa med tilhøyrande område kan verta preparert til eigne tider i samband med renn.

Ved større snøfall vil alle løyper verta køyrde til dei tider som gjer best langsiktig kvalitet på løypene (vert opplyst på nettsider/facebook).

Gje oss gjerne tilbakemelding knytt til løyper og løypekøyring på e-post til skisenter@sjusete.com

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter