Torefjellsrennet
– eit turrenn for heile familien
Rennet har start og målgang på Sjusete skisenter med løyper som slynger seg langs foten av Torefjell.
Serierenn i langrenn
Serierenn i langrenn startar kvart år i januar på Sjusete skisenter. Det er fem renn. Påmelding via Min idrett.
Kretsrenn
Kvam LSK arrangerer tre kretsrenn i langrenn fordelt over to helgar.
Skikurs
Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb tilbyr kvar vinter skikurs for vaksne. Me tilbyr både kurs i skøyting og klassisk – både for erfarne og nybyrjarar. Instruktør er Tom Erling Halvorsen, som har solid trenarutdanning frå Norges Skiforbund som instruktør. Vinteren 2019/2020 vil me også tilby kurs. Nærare informasjon kjem.