Torefjellsrennet

NB: Torefjellsrennet 2020 er avlyst!

Torefjellsrennet blir arrangert søndag 23. februar 2020. Det blir ulike klassar, og renn i både fristil og klassisk. Nytt av året er at me har fått seedingstatus for Birkebeinerrennet, med eit 35 km langt renn i klassisk stil.

Påmelding skjer ved å gå inn på EQ Timing sine nettsider her.

Velkomen til Hardanger, Kvam herad og Sjusete skisenter! 

 

Praktisk informasjon

Overnatting:
I området rundt Sjusete finst det fleire gode overnattingsmuligheter. Sjå meir om det her.

Premiering:
Det vert full premiering for alle klassar under 17 år.  Klassevinnarane vert premierte i dei ulike klassane for aldersintervall 17-71+ år.
NB! Gåvepremiar vert trekt ut på alle startnummer frå alle renna i samband med premieutdelinga.

Rennkontor og sekreteriat:
I skistova på arena frå kl 08.30 renndagen.

Startnummer:
For turrennet hentast startnr samla for dei klubbane med meir enn 2 påmeldte på rennkontoret, mens resterande delast ut enkelthvis. Manglande innlevert startnummer vert fakturert med kr. 300,-

Resultatlister:
Førebelse resultatlister heng me opp på resultattavla når dei er klare. Endelege resultatlister legg me ut på www.sjusete.com etter rennet.

Premieutdeling:
Premieutdeling skjer etter protestfristens utløp, dvs. minst 15 min. etter uoffisielle resultatlister er kunngjort med oppslag på tavle.

Skistova:
Garderrober og kafé er i skistova på Sjusete.

Parkering:
Parkeringsavgift er kr 100,- pr dag. Merk; Parkeringsautomat sett opp ved innkjøring til parkering.

Spørsmål:                  

Rennleiar: Amund Leiren, telefon 928 54 887

Ansv. tidtaking: Jostein Auganæs, telefon 412 85 138

Teknisk delegert: (Kjem seinare)

Startkontingent

Pris konkurranseklassane: Kr. 200,- til og med 16 år. Kr. 400,- over 16 år (kr. 250,- ut januar).
Pris trimklasse er kr. 100,-  / kr. 400,- for familie og for langrennscross kr. 50,-.
Ved påmelding på nett betalast startkontigenten direkte via kort. Etterpåmelding på staden betalast kontant, kort eller Vipps.

Startlisens:
Påmeldte deltakarar frå 13 år i konkurranse-klassane skal ha gyldig lisens. Det er mogeleg å løysa eingongslisens på rennkontor. Eingongslisens for dei mellom 13 og 25 år kostar kr. 60,-. For løparar 26 år og eldre er eingongslisensen kr. 150.-

Resultatlister

Resultater 2019

Resultater 2018

Resultater 2017

Resultater 2016

Resultater 2015

Resultater 2014 – Avlyst

Resultater 2013

Resultater 2012

 

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter