Kvammasprinten

 

 Tidsskjema Kvammasprinten 2024 – søndag 10. mars 2024 

 

Tidskjema-Kvammasprinten-2024

 

 

 

Kvam langrenn- og skiskyttarklubb inviterer til:

Kvammasprinten – stafett

Sprintstafett i friteknikk – sundag 10. mars 2024 kl. 12:00 – Sjusete skisenter

Påmelding: www.isonen.no. Påmelding innan torsdag 7. mars. Hugs å spesifiser etappe på løparane ved påmelding. Det vil ikkje verta mogeleg med etterpåmelding.

Klassar og løypelengder:

Alder Distanse per etappe Etappar per løpar Finale
J/G 8, 9, 10 år 500 meter 1 Nei – ingen rangering
J/G 11 og 12 år 500 meter 2 Ja
J/G 13 og 14 år 750 meter 2 Ja
J/G 15 og 16 år 750 meter 3 Ja
K/M junior og senior 1300 meter 2 Ja

Gjennomføring:

  • To løparar per lag frå same klubb. Ingen restriksjon på å stilla med yngre løparar i ein klasse for å få lag
  • Maks 6 lag per heat
  • Direkte finale (ikkje A- og B-finale) dersom det er mindre enn 12 lag i kvar klasse. Ved fleire enn 12 lag vert det 2xsemifinale + påfølgande A-finale.
  • Ingen tidtaking

Merk at fyrste start er kl. 12.00. Meir informasjon om startlister og tidsskjema vert lagt ut på Sjusete.com og Facebook.com/KvamLSK

Rennkontor: I skistova frå kl. 10.30 på renndagen.

Program: Vert publisert i løpet laurdag 9. mars. Yngste klassar startar fyrst. Alle innleiande heat gjennomførast før finale.

Startnummer: Hentast samla for kvar klubb på rennkontoret. Manglande innlevert startnummer vert fakturert med 300 kroner.

Startkontigent: I samsvar med satsane til Norges Skiforbund.

Startlisens: Lagleiarane er ansvarlege for at påmeldte deltakarar har gyldig lisens. Det er mogeleg å løysa eingongslisens ved rennkontoret.

Premiering: Premiering på arena etter rennet og etter protestfristen er gått ut.

Resultatlister: Vert publiserte på www.Sjusete.com etter rennet. Førebelse lister vert tilgjengelege ved skihytta når dei er klare.

Kafé: Skistova på Sjusete. Betaling kontant, med Vipps eller kort.

Garderobe: På skistova.

Parkering: Avgift på 100 kroner. Kan betalast med kort eller Vipps før parkering. Automat for betaling står før parkeringsplassen.

Spørsmål om rennet kan rettast til rennleiar Amund Leiren (92854887) eller arrangementansvarlege Sverre Olav Botnen (95267651) eller Torstein Torsvik (90917341).

Teknisk delegert: Vigleik Tysseland

Me ynskjer løparar, trenarar, føresette og andre interesserte hjarteleg velkomne til Sjusete!

 

Resultatlister

Resultater 2019

Resultater 2018

Resultater 2017

Resultater 2016

Resultater 2015

Resultater 2014 – Avlyst

Resultater 2013

Resultater 2012