idrettsskule

å

 TreIdrettsskule – Eit heilårleg og variert aktivitetstilbod

Kvam LSK sin idrettsskule er eit variert aktivitetstilbod der born får prøva fleire ulike idrettar i fleire miljø, for eksempel i skogen, på fjellet, i idrettshall, på snø, på is eller i vatn.

Idrettsskulen er eit tilbod for alle born i alderen 7 – 12 år. Formålet med idrettsskulen er at borna får utvikle idrettsglede, og ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar tilpassa bornas utviklingsnivå.

I 2023 vert borna  delt inn i grupper etter alder, og har ein trening i veka. Oppstart vert i slutten av mai, med pause i sommarferien og oppstart igjen ved skulestart i august. Me held på med treningar ut oktober.  Aktivitetsleiarane er aktive og positive foreldre til borna i aldersgruppa. Aktivitetane er planlagt på førehand og vert publisert for alle gruppa. Aktivitetane kan vera skogsturar, fjellturar, kanopadling, sykling, skiskyting, bowling, friidrett, turn, klatring – for å nevna noko.

Treningar på måndagar klokka 18.00 – 19.00.

Den fyrste treninga vert informert om på eit seinare høve. 

 

I perioden januar til april er idrettsskulen ein del av skitreningane som føregår på Sjusete.

For påmelding til Idrettskule : https://club.spond.com/landing/courses/kvamlsk/5BB1907D7CF64D048D360BCECE17FFA2

Husk at ein må vera medlem i klubben for å vera med på idrettskule : https://club.spond.com/landing/signup/kvamlsk