I nærleiken

Overnatting i nærleiken av Sjusete

I samband med til dømes krinsrenn, då det er to renn på ei helg, kan det vera ein fordel å overnatte i nærleiken av Sjusete. Det er hytter til utleige både på Sjusete og «nede i bygda», samt Thon Hotel Sandven i Norheimsund.

Følgjande overnattingsplassar er verdt å sjekke ut:

  • Sjuseter hytter – To hytter til utleige 200 m frå stadion.

  • Jødne Feriehus – Hytte med 6 sengeplassar 300 m frå stadion.

  • Mo Gardsferie – Utleie av gardshus og tømra stove med opp til 10 sengeplassar. 4 km frå stadion ovanfor Øystese.

  • Hardanger Feriesenter – Hytter til leige på Nes mellom Norheimsund og Øystese cirka 8 km frå Sjusete.

  • Thon Hotel Sandven – Ligg 6 km frå stadion og tilbyr både ordinære hotellrom og familieleilegheiter til sportsprisar.

  • Vågen rom og hytteuleige – Ligg ved FV49 i Vikøy 8 km frå Sjusete. 4 ulike einingar til uteleige med 5-10 sengeplassar

  • Oddland Camping – Ligg ved FV49 i Vikøy 10 km frå Sjusete. Ei hytte til utleige utleige til maks. 6 personar.

  • Stopp her – Billig innkvartering på Kvamskogen 12 km frå Sjusete

  • Kvamseter Lodge – Overnattingplass på Kvamskogen cirka 15 km frå Sjusete.

Elles kan me anbefale å sjekke ut airbnb eller finn for leige av private hytter.

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter