Kvam LSK

Kvam langrenn- og skiskyttarklubb driv idrettsskule, held treningar, arrangerer renn og tilbyr kursing.

Dugnadsarbeid

Gjennom skisesongen er det stor aktivitet på Sjusete. Kvam LSK arrangerer serierenn i langrenn og skiskyting i perioden januar – mars, samt fleire kretsrenn. I tillegg er det skitreningar, skileik og idrettsskule.

For at klubben skal kunne tilby slike arrangement og aktivitetar er me avhengige av dugnadsarbeid. Klubben set i god tid før sesongen opp funksjonærlister, og brukar personar som har aktive born på Sjusete gjennom skileik, skitreningar og serierenn.

Me håpar alle ser gleda i å kunne bidra for at arrangementa skal kunne gjennomførast.

Funksjonærlistene for sesongen 2020 kjem i god tid før sesongen er i gang. Ynskjer du i bidra? Ta kontakt på e-post: kvamlsk@hotmail.com

Siste nytt

Følg med på aktiviteten på Sjusete og i Kvam LSK.

Torefjell opp 1

26 Personar deltok på Torefjell opp, Raskaste var Anders Aalvik Stranden med tida  36:25  Dei 2 Yngste deltakarane var Jørgen Måkestad og Angela Christelle Kvanvik Olsen på 8 år som var oppe på ca 1 time. Eldstemann var Olav Kreken på 67 år som hadde tida 55:53 Tider:...

Torefjell Opp 1 Onsdag 17 Juni

Uhøgtidleg klubbløp for medlemmer i Kvam LSK (i alle aldrar), med start ved skihytta på Sjusete kl. 17.45. Registrering av startande frå kl. 17.15. Løpet er ope for ikkje-medlemmer også, men då er ein ikkje omfatta av klubben si forsikring, og deltek på eige ansvar....

Premieutdeling og oppstart av Idrettsskulen

Onsdag 20/5 blir det premieutdeling for alle dei som var med på skileik og/eller serierenn i år. Premiar blir delt ut kl. 17.30-18.00 utanfor skihytta på Sjusete. Det blir rigga til slik at det går fint å halde tilrådde avstandar. Alle som har vore med på skileik får...

IDRETTSSKULE

SKILEIK

SERIERENN

SKISKYTING

Torefjellsrennet
Film av Hardangerfjord Media AS

Skøytekurs

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb tilbyr kvar vinter skikurs for vaksne. Me tilbyr både kurs i skøyting og klassisk – både for erfarne og nybyrjarar. Instruktør er Tom Erling Halvorsen, som har solid trenarutdanning frå Norges Skiforbund som instruktør.

Vinteren 2019/2020 vil me også tilby kurs. Nærare informasjon kjem.