Denne helga stilte Kvam Langrenn-og Skiskyttarklubb med 9 utøvarar i klassane 12-15 år i Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen. Dei gjekk flotte renn, og hadde hard konkurranse mot over 500 utøvarar frå resten av landet.
Perle Nygård og Synneva Laupsa Mo gjekk i klassen J14. Perle fekk ein 45.plass lørdag og 47.plass på søndag. Synneva fekk ein solid 12.plass på laurdagen, og 31.plass på søndagen.
Marita Tombre Soldal og Sunniva Henriksen Vestbø gjekk i klassen J12. Marita fekk ein solid 16.plass lørdagen, og 35. plass på søndagen. Sunniva gjekk inn til ein god 13.plass på laurdagen, og 14.plass på søndagen.
Jørgen Måkestad i G13 fekk også ein god 13.plass på laurdagen, og 31. plass på søndag.
Asbjørn Norheim i G12 hadde jevne løp, og fekk 22.plass både lørdagen og søndagen.
Ronja Måkestad i klassen J15 fekk 30.plass på laurdagen og 28.plass på søndagen. Isabella Rose Burgess Opheim i klassen J13 fekk 32.plass lørdag og 35.plass på søndag.
Sigrid Norheim i J13 fekk ein sterk 9.plass lørdag, og helgas beste resultat søndagen med ein flott 4.plass!

Me gleder oss til resten av sesongen og ser fram mot fleire renn. New Boliden Green Zink Cup er godt i gang, og det er rekord-påmelding frå Kvam LSK til Liatoppen Skiskytterfestival i april med heile 23 utøvarar!