Serierenn

Serierenn i langrenn 2025

Serierenn i langrenn føregår 5 måndagar i perioden januar til mars. Serierenna er for alle aldersgrupper, der lengda på løypa er tilpassa dei ulike aldersklassane. Aldersklassen vil vera den alderen ein når i løpet av det aktuelle året. Dei som er 10 år og yngre har fri stilart i alle renna. Løypelendga er 1,3 km (10 eller yngre), 1,8 km (11 – 12 år), 3 km (13 – 14 år) og 5 km (15 år og eldre). Alle mottar premie når ein har delteke på minst 3 av 5 serierenn i løpet av sesongen. Premieutdeling føregår på det siste serierennet.

Datoar for dei 5 serierenna i langrenn vinteren 2025 er:

  • 13.januar (fristil)
  • 27.januar (klassisk)
  • 10.februar (fristil)
  • 3.mars (klassisk)
  • 17 mars(fristil)(Kvammameisterskap)

 Pris er kr 100  om du går eit eller alle renna, og påmelding må skje 1 dag før rennstart, og ein treng berre melde seg på eingong! Meld deg på via Eq timing. Bruk linken under. Dersom du ikkje får det til ta kontakt med tidtakar Lars Norheim på 95436773 eller ansvarlig for serierenn Gerd Ingrid D. Norheim.

Link til påmelding: https://live.eqtiming.com/74773#dashboard

Serierenn i skiskyting føregår 4 måndagar. Dette er serierenn kun for dei som driv med skiskyting.

Datoar for dei fire serierenna i skiskyting vinteren 2025 er:

  • 6.januar
  • 20. januar 
  • 3 .februar
  • 17. februar

Rennstart er alltid kl. 18.15. Møt opp i god tid.