skikurs

Skikurs

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb tilbyr kvar vinter skikurs for vaksne. Me tilbyr både kurs i skøyting og klassisk – både for erfarne og nybyrjarar. Instruktør er Tom Erling Halvorsen, som har solid trenarutdanning frå Norges Skiforbund. 

Vinteren 2020 tilbyr me kurs fylgjande datoar:

  •  21. januar, 28. januar og 4. februar – skøytekurs som føregår på kveldstid 3 tysdagar kl. 19.00 – 20.30.
  •  24. – 26. januar – klassiskkurs som føregår fredag kl. 19.00 – 20.30, lørdag kl. 10.30 – 12.00 og søndag kl. 10.30 – 12.00.
  •  31. januar, 1. – 2. februar – skøytekurs som føregår fredag kl. 19.00 – 20.30, lørdag kl. 10.30 – 12.00 og søndag kl. 10.30 – 12.00.

Oppmøte er ved skistova på Sjusete skisenter

Kursa kostar kr. 1200 for dei som ikkje er medlemmer i Kvam LSK, og kr. 650 for dei som er medlemmer. Betaling av kursavgift til kontonummer 3530 20 79453. Husk at parkeringsavgift på kursdagane kjem i tillegg og må betalast på parkeringsautomat dersom ein ikkje har parkeringskort.

Sjå meir informasjon om skikursa her

Påmelding skjer ved å sende sms til telefon 977 77 987. Ein kan også kontakte dette telefonnummeret dersom ein har spørsmål.

Velkomen til skikurs på Sjusete!

 

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter