Det nye styret i Kvam LSK markerte avtroppande leiar Sigurd Sande med ei bloma helsing og vene ord på sitt første styremøtet. Sigurd vil fortsatt vere ein sentral person i klubben, om enn i andre roller enn som leiar. Han vil ta del i apparatet rundt satsingsgruppa både når det gjeld langrenn og skiskyting. – Sigurd har gjort ein kjempejobb i mange år for klubben, og er fortsatt ein viktig ressurs for klubben. Både styret og ikkje minst eg sjølv er særs glad for at me kan trekke på Sigurd sin kunnskap og røynsle i arbeidet med å utvikle Kvam LSK til beste for alle medlemmer, seiar påtroppande leiar Tom Rasmussen.