Det vert serierenn i langrenn i morgon på Sjusete. Det vert truleg litt endringar i løypetrasseane og målgang ut frå underlaget rundt om i løypa. Dette tar reinnleiinga endeleg stilling til i morgon. Renn vert det i alle fall.
Difor – no er det berre å melde seg på serierenn gjennom www.minidrett.no der du kan melde deg på alle dei 5 renna i ein eingong. Om du har problem med å få det til, er det mogeleg å melde seg på i rennkontoret på Sjusete i morgon. Ver tidleg ute for det er alltid litt kø og logistikk når me skipar til det fyrste serierennet.
Serierenna er mynta på absolutt alle. Frå dei aller minste til dei aller eldste, og frå dei som er godt røynde løparar til dei som tar dette som ein fin tur. Du finner meir info om serierenna finn du på www.sjusete.com under renn.