Me gratulerer Hanna Børve – ho er tatt ut til å representere Region Vest (Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre) under Statkraft Young Star i Holmenkollen 2. mars. Dagen føre VM i skiskyting startar. Hanna er tatt ut i lag med Ragna Kolve frå Voss til dette rennet der dei 30 beste i heile landet i 15-16 år deltar. I tillegg til rennet i Kollen i mars, so vil Hanna delta på Young Star samlingar sommaren/hausten 2016. Me er stolte som klubb og gler oss på Hanna sine vegne. Det viser at det er mogeleg for kvemmingar å hevde seg heilt i Noregstoppen – men det var vel heller ikkje ei bombe!