Helga 8-11.desember reiste Kvam LSK på familiesamlinga til Geilo for å få snø under beina. Totalt 11 familier med 39 vaksne og born budde på Øen Turistsenter som var vår base på samlinga.
Fredagen var det ein økt i skiskyting, ein klassiskøkt og ein fellesøkt i skøyting på Geilo skistadion. Laurdagen starta også med ein økt i skiskyting og ein klassiskøkt på skistadion, mens fellesøkten i skøyting var på Kikut der både vaksne og born fekk øvd seg i bakkekøyring på langrennski i alpinbakken. Laurdag var det tradisjonen tro pakkaleik, godteri og kahoot-quiz i peisstova på Øen. Sundagen var utøvarane delt opp i 3 frivillige gruppar med skiskyting, langtur og «skileik».
9 utøvarar deltok på øktene med skikskyting, mens 8 born pluss nokre vaksne deltok på langrennstreningar i klassisk. Alle 17 borna hadde felles langrennsøkter i skøyting der også mange foreldre var med. Instruktørar har vore Kjell Ove Kvåle (skiskyting), Amund Leiren (langrenn), Terje Mo (langrenn), Thomas Mælen (langrenn skøyting) og Thor-Arvid Pedersen (skileik++).
Alle var einige om at det var ei kjekk samling og at det var deilig å koma seg på ski igjen. Vi håper alle med fleir vert med på neste års samling også!
Bilete frå samlinga: