Kvam LSK basaren 2016 hadde god deltaking og ga klubben gode inntekter! Basarnemda talte opp eit resultat på 93.740 kroner som er litt ned frå rekordåret 2015, men 2016 er det 2.beste året for vår basar gjennom tidande 🙂 Det vart delt ut premiar for 60.000 kroner frå over 120 verksemder og givarglade personar!
Meir enn 60 familiar som deltok i sal av lodd på bok på 5 «salsstader» i kommunen. På sjølve basaren sundag, 30. oktober, var det rundt 100 frammøtte kantina på gymnaset i Øystese. Me rettar ein kjempestor takk til verksemder, loddseljarar og ikkje minst basarnemda for vel utført basar!