Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Oppstart av langrenn- og skiskyttartreningane er satt til torsdag 5.januar. Me satsar på gode forhold for ski på Sjusete i år som i fjor.

Me opnar no for påmelding til treningane. Frist for påmelding er 05.01 til e-post: jvalland@hotmail.com. Skriv fullt namn, fødselsdato, namn på foreldre, e-post og mobil på føresette. Du finn meir info i vedlagte Invitasjon (oppdatert 03.januar)

OBS! OBS! Det er feil i invitasjon til skitrening for 2004-2008. Det korrekte er skøytetrening torsdagar og klassisktrening tysdagar. Beklager så mye feilen! Det er lagt opp til at første skøytetrening vert førstkommande torsdag (5/1)!

I 2017 startar Kvam LSK opp ei heilårleg allsidig idrettskule for born i alderen 7-12 år. Gjennom året har skulen varierte aktviteter som langrenn, alpint, skeiser, friidrett, rulleski, basistrening, terrengsykling, orientering, kajakkpadling, klatring, fjellturar med meir!

For dei som melder seg på idrettskulen så inngår langrennstreningane i årsplanen for idrettskulen. Frist for påmelding: snarast og seinast innan 12. januar til e-post: kvamlsk@hotmail.com. Meir info om idrettskulen i vedlagte skriv!