Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Me satsar på gode forhold for ski på Sjusete i år som i fjor.
Kvam LSK inviterer til skikurs for vaksne. Me legg opp til fire kurs, to i skøyting og to i klassisk, der vi både har kurs for nybyrjarar og litt øvet/vidarekomne. Me er heldige og har fått Tom Erling Halvorsen med solid trenarutdanning frå Norges Skiforbund som instruktør. Du finn meir info i vedlagte Skikurs vinteren 2017. NB! Kursdagar for «skøyekurs litt øvet» er 14, 15 og 21.februar!
Me opnar no for fortløpande påmelding til kursa til e-post kvamlsk@hotmail.com Skriv fullt namn, fødselsdato, e-post og mobil. Påmeldinga er bindande.