Måndag 23. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1800! Fyrste renn er i fristil frå og med 11 år, mens 10 år yngre går ein ny langrennsscrossløype der ymse hinder og utfordringar skal forserast.
Datoar for dei 5 serierenna er:
23/1 – Fristil og langrennscross (10 år og yngre)
6/2 – Klassisk stil
20/2 – Fristil og langrennscross (10 år og yngre)
6/3 – Klassisk stil
20/3 – Kvammameisterskap i fristil og langrennscross(12 år og yngre)
Dei som er 10 år og yngre har fri stilart i alle renna! Aldersklassar er delt inn etter kva alder når i løpet av 2017. Løypelengder er langresscross / 1 km (10 år og yngre), 2 km (11-12 år og vaksen), 3 km (13-14 år) og 5 km (15 år og eldre)
Me ynskjer at flest mogleg melder seg på via minidrett der ein enkelt kan betala med kort, samt at det då vert mindre press på sekreteriatet sjølve renndagen. Ein meldar seg på til alle 5 renna samtidig gjennom å merka alle renna. Lenkje til påmelding – https://minidrett.nif.no/Event#310172-011 . Har du mot formoding ikkje meldt deg på på førehand, så møt opp i sekreteriatet i god tid før rennstart (minst 30-45 min før).