Måndag 22. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1815! Fyrste renn er i fristil frå og med 11 år, mens 10 år yngre går langrennsscross med ymse hinder og utfordringar.

Datoar for dei 5 serierenna er:

  • 22/1 – Fristil distanserenn for klassane 11 år (2007) og eldre, yngre klassar går langrennscross
  • 29/1 – Distanserenn i klassisk stil for alle klassar
  • 5/2 – Langrennscross for alle klassar
  • 12/2 – Ordinæet sprintrenn for 11 år (2007) og eldre, mens yngre klassar går prolog og langrennscross (7 år og yngre)
  • 19/3 – Distanserenn og Kvammameisterskap i klassisk stil

Dei som er 10 år (2008) og yngre har fri stilart i alle renna! Aldersklassar er delt inn etter kva alder når i løpet av 2018. Løypelengder er langresscross / 1 km (10 år og yngre), 2 km (11-12 år og vaksen open klasse), 3 km (13-14 år) og 5 km (15 år til og med senior). Pris for alle

Me ynskjer at flest mogleg melder seg på via minidrett på førehand (frist 21/1) der ein enkelt kan betala med kort, samt at det då vert mindre press på sekreteriatet sjølve renndagen. Ein meldar seg på til alle 5 renna samtidig gjennom å merka alle renna. Lenkje til påmelding – https://minidrett.nif.no/Event/Index/319006 . Pris for alle serierenn er kr. 200,- mens eit enkeltrenn koster kr. 40,-.

Har du mot formoding ikkje meldt deg på på førehand, så møt opp i sekreteriatet i god tid før rennstart (minst 30-45 min før).

Serierenna i langrenn har ei øving for alle born som vaksen. Me oppfordrar ekstra at dei vaksne vert med enten i open klasse (1,8 eller 5 km utan rangering) eller konkurranseklasse 5 km, og viser borna at dette berre er gøy?

Vel møtt!

<<<<<<<<<<<<
lt;<<<<<<<<<
<<<<<<<<<
;<<<<<<<<
t;<<<<<<<
lt;<<<<<<
<<<<<<
;<<<<<
t;<<<<
gt;<<<
><<
p>< /p>