bilde-004Eg har berre gått å venta på at kunne sei velkommen til ein ny skisesong! Onsdag, 7. mai kl. 19:00 startar Tom Erling Halvorsen treninga for dei som er 13 år og eldre. Dei som er fødd 2002 og som skal vere med i denne gruppa frå hausten av kan og bli med. Me legg opp til trening kvar onsdag kl. 19:00 som regel med utgangspunkt på Sjusete. Samstundes satsar me på å ha skytetrening same dag frå kl. 18:00.

Meld deg på til Thomas Mælen på e-post: tmaelen@gmail.com innan 5. mai.

Treningsplan finn du vedlagt. Her finn du treningstider, aktuelle løp og rulleskirenn og samlinga på snø på Folgefonna 9. juni. Yngre aldersgruppe startar treninga i samband skulestart etter sommaren. Bilete viser Kristin Sande då ho vart nr. 2 under opningsrennet på Geilo i slutten av november. Ho starta treninga tidleg !

 Plan for trening Kvam LSK 2014_2002 og eldre