OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Born, unge og vaksne har det kjekt i lag på Sjusete!

Kvam Lsk ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Me satsar på gode forhold for ski på Sjusete og kan tilby eit flott treningstilbod for 6 åringar og oppover. Renn vert det ôg – me legg opp til 5 serierenn i langrenn, 4 i skiskyting, 2 krinsrenn i langrenn og 2 i skiskyting. No opnar me for påmelding til skileik og skitrening.

Treningane startar i veke 2 og skileiken torsdag, 21. januar. Det er kanskje ikkje alle som er like skulert i trening, renn, utstyr, smørjing og mykje anna. Difor inviterer me til informasjonsmøte i Skistova på Sjusete 5. januar kl. 18:00 for både aktive og føresette.

Me har oppdatert alle sidene våre på www.sjusete.com – her finn du mykje god info om det meste trur me. I tillegg er det lurt å «like» Facebook-sidene våre – då vert du varsla fortløpande om nyhende. Søk opp Kvam Lsk og «like» i veg!