Helga 26-27. januar vert da KM-helg i då Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb inviterer til krinstmeisterskap i sprintlangrenn fristil og distanselangrenn i klassisk stil på Sjusete skisenter.

Laurdag står Kvammasprinten i fristil på programmet. Dei yngste (til og med 10 år) går prolog, mens 11 år og eldre år går prolog og finalar. Klassane 12 år og yngre går ein sløyfe på 750 m, klassane 13-16 år går 1,1 km sløyfe og 17 år og eldre går 1,5 km. Påmeldingfrist er onsdag 23/1. Meir info om rennet og lenkje til påmelding på skiforbundet sine nettsider –https://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=324760 .

Sundag arrangerast det distanserenn i klassisk stil med normale distanser. 10 år og yngre går 1 km, 11-12 år går 1,8 km, 13-14 år 3,5 km, 15-16 år og kvinner junir/senior går 5 km, mens menn junior og senior går 10 km. Påmeldingsfrist for er torsdag 24/1. Meir info om rennet og lenkje til påmelding eller på skiforbundet sine sider –https://www.skiforbundet.no/hordaland/terminliste-hordaland/arrangement/?eid=324761

Full premiering i alle klassar!

Begge renna er krinsmeisterskap og dei 3 beste frå krinsen i kvar klasse frå og med 13 årklassen vert premiert.

Påmelding til alle renna gjerast via Min idrett.

Me vonar flest mogleg tek turen og vert med!

Vennleg helsing
Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter