Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomen til skiskyttarrenn og Gla’laks cup’en. Renn nr. 8 og 9 finn stad på fagre Sjusete Skisenter til helga. Laurdag 20.2 er det KM normal og sundag 21.2 er det sprint som er på programmet. Yr melder om nedbør som snø laurdag og sludd/regn sundag, men heldigvis lite vind.
Hovudplan for renna er:
- Laurdag: KM Normal – Innskyting kl 11.30. Start kl 13.
- Sundag: Sprint – Innskyting kl 10.30. Start kl 12.
- Påmeldingsfrist: onsdag. 17. februar kl. 23.59 via www.eqtiming.no.
Informasjon kring renna er:
- Renninnbjodinga finn du her: Renninnbjoding Gla’Laks cup nr 8 og 9 Sjusete_Kvam Lsk
- Kart over løypetráse og –lengd finn du her: Løypekart paralelle strekar 2014 Skiskyting_løypelengder_normal og sprint 2016
Overnatting og husvære:
- Kvam har eit rikt tilbod av overnatting. Du finn meir info om dette ved å nytte denne lenken til dei ulike tilboda: http://www.visitkvam.no/index.php?option=com_content&view=section&layout=blog&id=3&Itemid=3&lang=nb
- Me gjer merksam om at Thon Hotel Sandven har eit spesial tilbod til lag og organisasjonar som har namnet Thon Sport. For meir info nytt denne lenken. http://www.thonhotels.no/thon-sport/
Velkomen til Kvam og til tevling på Sjusete!