Start Torefjellsrennet for ungdom! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Helga 17. og 18. februar inviterte Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb til langrennsfest gjennom arrangementa Kvammasprinten og turrennet Torefjellsrennet.

Spurt om 2.plassen for gutar 16 år i Kvammasprinten! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

146 utøvarar i klassane 8 år til og med senior deltok på sprintrennet laurdagen i nye løyper for året. Det var full action gjennom heile dagen med prolog for alle og finaler for 11 år og eldre. Det er lenge sidan det har vore så mange deltakar på eit krinsrenn i langrenn på Sjusete!

Sundagen vart det tradisjonelle Torefjellsrennet arrangert med øvingar for heile familien. Hovudrennet som bestod av to fellesstartar (ungdom og vaksen) trakk 94 deltakarar som enten gjekk 5, 11 eller 25 km utifrå aldersklassar.

Startraske ungdommar i Torefjellsrennet! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Raskast i den 25 km lange løypa var skiskyttaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL med tida 1:01:02, mens raskaste kvinne var Bjørg Marit Valland frå Kvam LSK med tida 1:20:51. Blant ungdommane var Bård Olav Steinsland Medhus frå Røldal IL suveren i den 11 km lange løypa med tida 32:00, mens raskaste ungdom på 5 den kortaste distansen var Alexander Hauge Øyen frå Fana IL med tida 21:49.

For dei som ikkje ynskte å gå på tid vart det mogleg å delta i trimklassen 11 km der 22 stk. i alle aldrar gjekk ein fin runde!

Born 10 år og yngre deltok i langrennscross som er ein løype med element frå alpinverden der ungane fekk prøve blant anna kular, doserte svingar og slalåm i ein og same løype. 47 born i alderen 5-10 år starta i to fellesstartar og fløg igjennom denne løypa!

Ivrige born ut frå starten under langrennscrossen sundag! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Takk til alle rennfunksjonærar på renna som bidrog til at desse store arrangementa vart ein suksess! Me takkar også kafegjengen og parkeringsvaktene Tore G. Mo og Nils Berg!

Stort «støtteapparat» under Kvammasprinten! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Under Kvammasprinten stilte Kvam LSK med 43 utøvarar i alderen 5-18 år der 5 enda på pallen. Det vart klassesiger til Eirin Tufteland (K18) og Endre Berg Leiren (M17). Gratulerer med flott innsats av alle saman!

Resultatlister Kvammasprinten

Sundag hadde Kvam LSK 24 deltakar i hovudrennet der 12 enda på pallen i ein av klassane! Klassesigrar vart det til Ingrid Brattabø (J15-16 år), Bjørg Marit Valland (K31-35 år) og Torill Kveberg (51-55 år). Gratulerer til klassevinnarar og alle dei andre spreke deltakarane både i konkurranseklassane, trimklassen og langrennscross.

Resultat og deltakarlister Torefjellsrennet

Fleire bilete frå renna:

Premieutdeling er alltid kjekt! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Spent gjeng venter på premieutdeling under Kvammasprinten! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Full spurt under Kvammasprinten! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Ikkje berre berre å gå sprint! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Kvemmingen Ståle Leiren over målstreken med stil under Kvammasprinten! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Ungdomsrennet ut frå start! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Full staking ut frå start av spreke ungdommar! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Langrennscross er gøy! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Dei vaksne ut frå start på Torefjellsrennet! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Full gass ut frå start! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Teten ut frå start blant dei vaksne i Torefjellsrennet! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)