Helga 26-27.januar inviterte Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb til langrennsfest og krinsmeisterskap gjennom arrangementa Kvammasprinten og distanserenn i klassisk.
186 utøvarar i klassane 8 år til og med senior deltok i krinsmeisterskapen sprint laurdagen, noko som er 40 fleire deltakarar enn sist år! 53 stk. deltok i klassane 10 år og yngre som berre gjekk prolog og ikkje vert rangert. Sjølve krinsmeisterskapen gjaldt for klassane 13 år og eldre og der deltok 89 stk.
Sundagen var det krinsmeisterskap i klassisk distanse der 181 utøvarar i klassane 8 år til og med senior deltok. 40 stk. deltok i klassane 10 år og yngre utan rangering. Sjølve krinsmeisterskapen gjaldt for klassane 13 år og eldre og der deltok 107 stk. I seniorklassane deltok heile 24. stk.
Å arrangere to renn på ei helg krev mykje dugnadsinnsats! Takk til tidtakarar, rennleiarar og riggansvarleg som starta arbeidet fleire dagar før renna, Totalt sett var det over 30 dugnadsjeler i sving under kvart renn som bidrog med framifrå innsats til at desse store arrangementa vart ein suksess!
Under Kvammasprinten stilte Kvam LSK med 42 utøvarar i alderen 5 år til og med senior der 4 enda på pallen. Hanna Børve (K18) og Erlend Drivenes (Senior bavant sine klassar og vart dermed titulert krinsmeistrar i sprint. Gratulerer med flott innsats av alle saman!
Resultatlister KM Kvammasprinten
Sundag hadde Kvam LSK 28 deltakar i klassiskrennet der Hanna Børve (K18) vart krinsmeister igjen og Jonas Hauger (G16) tok bronseplass. Elles vart det mange 4. og 5. plassar på Kvam LSK. Godt jobba av alle sama!
Fleire bilete frå renna: