Gaute Øymo Mælen under sprintprolog laurdag! (Foto: Heidi Ure)

23-25. februar vart årets hovudlandsrenn i langrenn arrangert på Lygna skisenter på Hadeland. Kvam LSK reiste med 4 utøvarar og 3 føresatte saman med Hordaland skikrets. Alle utøvarar og støtteapparat overnatta på Sanner Hotell på Gransvollen.

Fredag var det 7,5/5 km klassisk distanserenn på programmet der gutar 16 år gjekk 7,5 km, mens gutar 15 år og jentene gjekk 5 km. Beste plassering fekk Ingrid Brattabø med ei flott 49.plass i klassen for jenter 15 år med 211 deltakarar . Gaute Øymo Mælen og Jonas Hauger enda på høvevis 218. og 259.plass i klassen for gutar 15 år med 272 deltakar. Tobias Græsdal Pedersen enda på 180.plass på 7,5 km i klassen for gutar 16 år med 256 deltakarar.

Ingrid Brattabø under 5 km klassisk fredag! (Foto: Heidi Ure)

Laurdag stod sprint fristil på programmet der kvart tiendel skulle telle. Beste plassering fekk Tobias med 61.plass i klassen for gutar 16 år med 266 deltakarar under 3 sekund fra å gå vidare til kvartafinale (dei 30 beste). Gaute og Jonas endå på høvevis 123. og 243.plass i klassen for gutar 15 år med 277 deltakarar. Ingrid endå på 95.plass i klassen for jenter 15 år med 215 deltakarar.

Jonas Hauger under sprintprologen laurdag! (Foto: Heidi Ure)

1 time etter prolog kunne utøvarane delta på ei 2 km lang artig langrenscross der Tobias enda på 122.plass, Gaute på 202.plass, Jonas på 203.plass og Ingrid på 101.plass. Denne konkurransen var mest for gøy og mange av deltakarane tok seg ikkje heilt ut inkludert Kvam LSK´arane 🙂

Siste dag var det stafett med Hordaland skikrets der laga vart teke ut blant både 15 og 16 åringar. Tobias gjekk for Hordaland 3 og Gaute for Hordaland 4, mens Jonas enda opp på eit mix-lag med andre skikretser grunna for mange hordalendingar. Ingrid gjekk for Hordaland sitt fyrstelag på jentesiden. Tobias sitt lag enda 63.plass med 114 lag til start. Gaute sitt lag braut etter 3.etappe grunna sjukdom på ein av Hordaland sine utøvarar som ikkje stilte til start. Jonas sitt mix-lag enda på 69. plass. Hordaland sitt 1.lag i jenteklassen med Ingrid på fyrste etappe enda på 26.plass blant 81 lag.

Tobias Græsdal Pedersen på fristiletappe for Hordaland sitt 3.lag på stafetten sundag! (Foto: Heidi Ure)

Alle 4 ungdommane var nøgde med opplevinga av å vera med på det som kan kallast eit «uoffisielt NM» for 15-16 åringar. Frå klubben si side er det kjekt at så mange utøvarar reiser på eit slikt renn 🙂 Flott innsats av alle saman!

Slike arrangement saman med skikretsen er heilt avhengige av at ein del foreldre vert med. Takk til Lars Olav Brattabø som tok på seg jobb som smørjar og låg ned mange timar kvar dag. Og takk til sjåførane Gunn Hilde Øymo og Thor-Arvid Pedersen som skyssa Hordaland sine utøvarar fram og tilbake til hotellet kvar dag.

Resultatlister

Fleire bilete:

Gaute Øymo Mælen på 5 km klassisk fredag! (Foto: Heidi Ure)

Ingrid Brattabø under sprintprologen laurdag! (Foto: Heidi Ure)

Gaute Øymo Mælen går 1.etappe klassisk på stafetten sundag! (Foto: Heidi Ure)

Nøgd Gaute Øymo Mælen heiar på lagkamerater på Hordaland sitt 4.lag under stafetten sundag! (Foto: Heidi Ure)

Jonas Hauger på veg til mål under stafetten sundag! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Ingrid Brattabø klar for stafett for Hordaland sitt 1.lag sundag!