Trening Onsdag går som normalt. Det blir ikkje organisert fredagstrening for dei som er med i satsningsgruppa denne veka.  Lørdagstreninga i Tørvikbygd går ut, i staden  reiser vi til Voss og trenar skyting og rulleski der. Ta kontakt med sig.sande@hotmail.com om du vil være med opp å trena og om du kan kjøra. Fint om dei som sitter på med andre betaler sjåføren kr 100.-.  Søndag er det tur til Tørviknuten. Hilde tar dei som har lyst på ein treningstur med frå Augastadstølen til nuten. Ned igjen går ein om Finnhiller eller Skårsete. Dette er ein litt hard tur men alle går i lag. Møt med Augatadstølen kl.12.00.  Viss du parkerer nede ved grinda tek det ein liten halvtime å gå opp til Augastadstølen. Foreldre bør og ta seg ein tur til Nuten denne dagen.

Mvh Sigurd