Helga 16-17. mars arrangerte IL Korlevoll Odda og Røldal IL Tour de Hardanger i langrenn. Kvam LSK stilte med 4 gutar til start.
Laurdagen stod fyrst prolog i fristil på programmet for 11 år og eldre i Røldal. Deretter var det duka klassisk intervallstart for dei under 11 år og klassisk fellesstart for dei eldre. Familien Græsdal Pedersen stilte med brørne Tomas (9 år), Teodor (14 år) og Tobias (17 år). Elles deltok Jonas Hauger. På prologen kom Teodor på ein fin 4. plass, Jonas på 5. plass og Tobias på 5. plass.
På klassiskrennet tok Tomas seg heilt ut og kom i mål på ei fin tid. Dei eldre gutane fekk etterkvart kjenne hardkøyret i fellesstartene. Der enda Tobias på 6 . plass, Jonas på 4 .plass og Teodor på 8. plass.
I Tour de Hardanger leggjast tidane saman for 11 år og eldre og deltakarane gjekk ut i jaktstart sundagen. Denne dagen var det berre Teodor som tok turen opp igjen og han forsvarte 8. plassen sin samanlagt.