Sundag 26. februar arrangerte Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb turrennet Torefjellsrennet på Sjusete i flott vinterføre. Hovudrennet som bestod av to fellesstartar (ungdom og vaksen) trakk 72 deltakarar der ein gjekk enten 5, 11 eller 25 km utifrå aldersklassar. For dei som ikkje ynskjer å gå på tid vart det mogleg å delta i trimklassen 11 km der 30 stk. gjekk ein fin runde!
Born 10 år og yngre kunne delta i nyvinninga langrennscross som er ein løype med element frå alpinverden der ungane fekk prøve blant anna krappe svingar, slalom, orgeltramp og hopp i ein og same løype. 35 born i alderen 5-10 år starta i to fellesstartar og fløg igjennom denne løypa! Nyvinninga har vore prøvd ut på serierenn tidligare i vinter og som den gong så vart denne løypa populær både før og etter rennet 🙂 Dette kjem det til å blir meir av på renn på Sjusete!
Takk til alle rennfunksjonærar på rennet som har bidrege til at dette store arrangementent er mogleg å arrangere. Spesiell takk til løypekøyrer Sigurd Sande som fekk totalt eit 30 cm snøfall dei 12-24 timer før rennet og laga dette om til flotte løyper! Me takkar også kafegjengen og parkeringsvaktene Tore G. Mo og Nils Berg!
Kvam LSK hadde mange 24 deltakar i hovudrennet der 16 enda på pallen i ein av klassane! Klassesigrar vart det til Sondre Brattabø (G11-12 år), Jone Valland Tveit (G13-14 år), Ingrid Brattabø (J13-14 år), Marita Karin Halvoren (K21-25 år), Eirin Tufteland (K17-18 år), Bjørg Marit Valland (K31-35 år), Torill Kveberg (K51-55 år) og Ingunn Undrum (Mosjon K 17-71 år). Gratulerer til klassevinnarar og alle dei andre deltakarane!
Bilete frå rennet: