Onsdag 21. august vart sesongens andre «Torefjell Opp» arrangert. Dette er eit motbakkeløp der ein spring ca 750 høgdemeter frå Sjusete og opp til Torefjell. Sesongens fyrste løp vart arrangert i juni. Løpet vert arrangert av Kvam langrenn- og skiskyttarklubb.

Fyrstemann opp til toppen var Amund Leiren. Han kom i mål på tida 37 minuttar og 25 sekundar. Yngste løpar var Jakob Aarekol Botnen (9 år) som kom i mål på tida 48:07.

Totalt var det 9 deltakarar. Samtlige kom i mål på under timen.

Link til resultatlista (Excelformat): Resultat-Torefjell-Opp-August-2019-1

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter