Endre Berg Leiren på veg til toppen!

Onsdag 20. juni arrangerte Kvam LSK det etterkvart tradisjonsrike og uhøgtidlege klubb- og motbakkeløpet Torefjell Opp. 43 sprekingar i alle aldrar stilte til start i lett overskya og typisk junivér. Noko som er ny rekord (37 stk. i 2017)

Raskaste mann var i år som ifjor 17-åringen Endre Berg Leiren med tida 36:13 som er over eit minutt betre enn fjoråret. Raskaste kvinne vart Malin Auganæs Bergtun med tida 42:34 som er er uoffisiell ny rekord (litt annleis målgang enn ved tidligare rekord).

Raskaste kvinne Malin Auganæs Bergtun nøgd etter fullført løp!

38 stk. gjennomførte løype til toppen på tid og 5 stk. gikk den korte varianten utan tidtaking til Forsete. Flott innsats av alle saman!

Takk til alle som hjalp til å arrangera!

Det var fleire påmeldte som meldte fråfall av ulike grunnar, men fortvil ikkje. Alle får sjansen til å testa seg på eit nytt løp onsdag 22. august, så det er berre til å helde seg aktiv gjennom sommaren 🙂

Alfabetisk liste over resultat lang løype:

Malin Auganæs Bergtun 42:34
Håkon Bjelland 40:17
Jakob Aarekol Botnen 50:04
Odd Arne Botnen 50:04
Trond Inge Brakestad 50:04
Leander Byrkjeland 58:02
Lars Olav Børve 43:37
Arnstein Lofthus 38:06
Erlend Bergesen Gravdal 57:20
Fredrik Gravdal 50:00
Atle Kjosås 47:30
Ådne Kjosås 42:16
Sara Marie Klyve 1:11:22
Torill Kveberg 50:19
Eirin Laupsa 1:11:57
Håkon Arne Laupsa 1:12:03
Endre Berg Leiren 36:13
Alf Olav Melstveit 39:29
Johanna Mo 53:13
Leif Mo 1:11:08
Marta Mo 52:15
Eskil Høen Mo 1:07:04
Hedda Høen Mo 1:04:57
Asgaut Laupsa Mo 1:01:44
Torje Laupsa Mo 1:07:42
Frode Måkestad 45:22
Knut Njaa 43:22
Sigmund Njaa 43:02
Einar Opsanger 47:38
Hans Rykkje 1:06:34
Jan Tore Tveit 52:28
Jarand Valland Tveit 42:01
Per Øyvind Tveiten 42:26
Heine Vik 36:58
Geir Morten Utskot 58:13
Lukas Utskot 58:12
Håvard Ølmheim 56:17
Jonas Ølmheim 49:48

Deltakarliste kort løype utan  tidtaking:
Ronja Måkestad
Ingeborg Storaker Lindøy
Hanna Storaker Lindøy
Anna Hildonen-Teigland
Marita Tombre Soldal

Fleire bilete:

Sprek gjeng på toppen!

Tidtakarane Silje Laupsa Mo og Pernhild Ølmheim hadde kledd godt på seg 🙂

Vinnar Endre Berg Leiren puster godt ut på toppen!