bilde (1)I helga var 27 store og små samla på snø på Geilo. For mange var det fyrste gongen på ski denne vinteren. Her var det mange toppar i programmet anten ein snakkar om resultat (sjå eiga sak), trening eller sosialt samvær.

Tom Erling Halvorsen leia treningane, og han streka under at det er om å gjere å jobbe med balanse og teknikk nå i starten på sesongen. Her ligg kontroll over skia og grunnlaget for fart i sporet! Både utøvarane og vaksne fekk køyrt seg i teknikktrening og i stor grad utan stavar. Me øvde balanse og skyv og hadde kjekke øvingar og konkurransar som snøfreesbie, langrennsfotball, snøcross, bakkeklyving, skriing på ein ski to og to i lag og mykje anna kjekt.

Me budde i leiligheter på Øen Turist og Vandrerhjem. Om laurdagskvelden var me samla i storstova der Kristin K. Gjøsæter hadde laga til pakkaleik for ungane og kviss for dei vaksne. Verdige vinnarar vart feira og premiert.

Neste år er det mogeleg for fleire å bli med på dette!

bilde-001bilde-00220131124_095033

bilde

IMG_0908