bilde-004Løparane til Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb gjorde ein framifrå innsats under skiskytterrenna på Geilo i helga. Det var stor deltaking med kring 500 løparar. Kristin Sande tok ein fantastisk flott 2. plass i jenter 16 år laurdag. På bilete er ho i flott driv mot mål. Hanna Børve var ikkje særleg dårlegare med 3. plass i jenter 13 år laurdag og følgde opp med ein flott 5. plass sundag. Malin Auganæs Bergtun vart nr 3. sundag etter fullt hus på siste ståande. Det var ein plass opp frå laurdagen. Sindre Gjøsæter gjekk seg opp frå 14. til 10. plass på fellesstarten sundag. Erling Aalvik tok 5. plassen laurdag i senior klassen. Det klaffa ikkje like godt sundag då det vart ein 23. plass.

Link til resultatlista finn du her http://www.geiloil.no/default.aspx?pageId=124