Trym Gauteplass Skår (venstre) og Anders Aalvik Stranden i nasjonalarenaen!

I helga har det vore arrangert Kvalfossprinten i Holmenkollen. Dette er eit arrangement som samlar mange skiskyttarar frå heile landet i aldersklassene 13-16 år. Kvam LSK deltok med to utøvarar.

Laurdag vart det arrangert sprint og Anders Aalvik Stranden fekk ei sterk 7.plass med 9 treff og berre 27 sekund bak vinnaren i gutar 16 år med 71 deltakarar. Trym Gauteplass Skår deltok i klassen for gutar 13 år der 85 stk. deltok. Dessverre hadde ikkje Trym dagen på standplass med 8 bom og endte på 72.plass.

Under sundagens normalprogram skaut Anders 8 treff og endte 1:42 bak vinnaren noko som heldt til delt 20.plass. Trym enda på 61.plass med ein ny uheldig dag på standplass med 7 bom.Der er kjekt å prøva seg mot dei beste i landet og Anders fekk vist at han held nivået med flotte plasseringar i 16-årsklassen. Laurdagens 7.plass var beste plasseringar frå Hordaland skiskyttarkrins!

Resultatlister