Kristin Sande på toppen av pallen!

Kvam LSK viste seg godt fram under sundagens konkurranser på Geilo! Fellesstart stod på programmet og klubben hadde tilsaman 8 utøvarar til start i noregscup (senior) og Sparebank 1 cup (aldersbestemt).

Dei fleste var litt meir ustabile på standplass enn under laurdagens sprint, MEN Hanna Børve (10 treff) og Kristin Sande (18 treff) imponerte både på standplass og i sporet! Dette holdt til sterke sigrar for begge to i klassane J16 og K19 🙂 Kjempebra!

Erling Aalvik og Malin Auganæs Bergtun enda på henholdsvis 14. og 25.plass i seniorklassen. Sindre Gjøsæter og Eirin Tufteland enda på 15. plass (M18) og 18.plass (K17), mens Anders Aalvik Stranden og Trym Gauteplass Skår kom inn til 24.plass (G15) og 17.plass (G12).

God innsats av både utøvar og støtteapparat denne helga!

Resultatliste senior – http://live.eqtiming.no/31822?focusuid=32295#result:100385-311057-919170-1-1-
Resultatliste aldersbestemt – http://live.eqtiming.no/31821?focusuid=#result:100382-311037-919156-1-1-

Hanna Børve og støtteapparat er verkeleg nøgde etter nok ein siger!