Anders Aalvik Stranden og Hanna Børve (Foto: Nils Eivind Stranden)

Hovudlandsrennet i skiskyting vert arrangert i Meråker i Trøndelag denne helga. Kvam LSK har med Anders Aalvik Stranden i klassen for gutar 15 år og Hanna Børve i klassen for jenter 16 år.

Under fredagens normal traff Hanna med 8 av 10 skot og enda på ein 12.plass. Anders hadde 6 treff og enda på 46. plass. Laurdag stod sprint på programmet der både Hanna og Anders traff på 9 av 10 skot. Hanna enda med god fart i sporet på ein sterk 6.plass blant dei 63 deltakarane i si klasse. Anders enda på 20.plass av 96 startande. Gode prestasjonar av begge to!

Sundag deltek begge to på kvar sitt stafettlag for Hordaland skiskyttarkrins.

Hanna etter fredagens normal (Foto: Sissel Aase Børve)