Anders Aalvik Stranden til høgre (Foto: Sissel Aase Børve)


To utøvarar frå Kvam LSK vart tek ut på Hordaland skiskyttarkrins sine stafettlag under hovudlandsrennet i skiskyting i Meråker 26. februar.

Hanna Børve gjekk på laget for jenter 16 år saman med Ragna Kolve (Voss skiskyttarlag) og Maria Haugse Rød (Hålandsdalen IL). Dei kom inn på ein fin 9.plass blant dei 19 deltakende laga. 

På laget for gutar 15 år deltok Anders Aalvik Stranden (Kvam LSK), Erling Finden (Vik IL), Jens-Henrik Hegg (Vik IL) og Øyvind H.Halvorsen (Hålandsdalen IL). Dei fekk fin 7.plass med 17 deltakende lag.

Flott innsats av begge to.

Hanna Børve til høgre (Foto: Sissel Aase Børve)