Sundag 5. februar vart Vikingrennet i fristil arrangert på 2.reservestadion Drevtjørn skisenter i Ulvik. 10 utøvarar frå Kvam LSK deriblant to skiskyttarar hadde teke turen til Ulvikahøgda som kunne skilte med godt skiføre på ein flott dag.
I klassane 8-10 år gjekk Ådne Kjosås, Eirik Brattabø og Tomas G. Pedersen 1 km. Dei gjennomførte flotte løp og Ådne i 10-årsklassen var berre 6 sekund bak bestetiden!
Gutane Sondre Brattabø og Teodor G. Pedersen deltok begge i G12-klassen (2 km) der Sondre kom på ein sterk 3.plass berre 6 sekund bak klassevinnaren. Det var tett blant dei 21 deltakarane og Teodor kom på 13. plass 52 sekund bak fyrsteplassen.
Ingrid Brattabø, som hittil har 2 sigrar, 3 sølvplasser og 1 bronseplass i klassen for jenter 14 år, er i forrykande form denne sesongen. I dagens 3 km lange renn stadfesta ho formen og drog i land klassesiger med 18 sekund ned til 2.plass. Gratulerer!
Klassen for gutar 15 år gjekk 5 km der Tobias Græsdal Pedersen kom i mål 46 sekund bak klassevinnar, noko som heldt til 6.plass og sesongbeste på eit distanserenn for Tobias. Bra jobba!
I juniorklassene hadde Kvam LSK 3 deltakarar som alle går på toppidrettslinjer på høvevis Voss Gymnas og Noregs Toppidrettsgymnas. Skiskyttar Eirin Tufteland deltok i klassen for kvinner 17 år der ho kom på 5.plass 02:10 bak klassevinnar. I klassen for menn 18 år deltok skiskyttar Sindre Gjøsæter og Ingmar Leigland Njaa. Sindre holdt eit jamnt høgt tempo og tok klassesigeren 34 sekund foran 2.plassen. Gratulerer! Ingmar kom i mål på 7.plass 02:27 bak Sindre.
Gode prestasjonar av alle Kvam LSK’arar!
Bilete frå rennet: