Ådne Kjosås med fullt trøkk i stavtaka på sin 1 km runde!

Sundag arrangerte Bulken IL BKK-rennet i klassisk stil på Ulvikahøgda i Drevtjørn skisenter (snømangel på Bulken). Kvam LSK stilte med 8 deltakarar til under fine forhold i sola i Ulvik.

Syskena Sondre og Ingrid Brattabø har vore sterke hittil i sesongen og dagens renn var ikkje noko unntak. Begge to vann sine respektive klassar gutar 12 år og jenter 14 år. Gratulerer!

Kristin Brattabø (J8), Eirik Brattabø (G9) og Ådne Kjosås (G10) deltok i klassane utan rangering. Teodor Græsdal Pedersen (G12) enda på 7.plass, Marta Mo på ein fin 4.plass berre 12.sekund bak pallen, mens Tobias Græsdal Pedersen enda på 10.plass. Flott innsats av alle sammen!

Resultater

Bilete frå rennet: