Helga 8-10. februar vart Noregscup for juniorar arrangert på Åsen skistadion ved Nannestad. Kvam LSK stilte med to juniorar
I klassen for menn 17 år deltok Tobias Græsdal Pedersen på laurdagen sprint i fristil og sundagens 7,5 km i fristil. På sprinten enda Tobias på 45. plass noko som ga poeng i Noregscupen, og er Tobias sin beste plassering i Noregscupen. På sundagens distanserenn enda han på 118. plass som er rundt 50. plassar betre enn distanserenna under forrige Noregscuphelg i januar.
I klassen for menn 19/20 år deltok Ingmar Leigland Njaa på alle helgas øvingar. På fredagens 10 km klassisk enda Ingmar på 96. plass som beste hordalending i klassen. Så god plassering i Noregscupen har ikkje Ingmar hatt siden han enda på 94. plass i eit renn i 2017. På laurdagens sprint enda han 146. plass og 122. plass sundagens 10 km fristil.
Bra jobba av to juniorar som legg store dosar treningstimar i «banken» kvart år!