Sundag 15. januar var det duka for det tradisjonsrike Samnangerrennet i klassisk stil. Familiane Brattabø, Leiren og Pedersen hadde teke turen i finavéret i Totræna vinterpark.
Brattabøane held stand og viser god form gjennom siger til Ingrid i J14-klassen og Sondre i G12-klassen! Både Kristin (J8) og Eirik (G9) gjennomførte fekk også teke seg godt ut. Teodor Græsdal Pedersen kom på 9.plass i G12-klassen, mens storebror Tobias kom på 8.plass i G15-klassen. Endre Berg Leiren kom på inn på 12.plass i G16-klassen, mens far Amund Leiren stilte opp for fyrste gong i krinsrenn på ein stund og kjempa mot bror Ståle (konkurrerer for Norhordland Skiklubb) som med i 11. plass for Amund og 13. plass for Ståle. Godt jobba av alle frå Kvam LSK!