Styret takkar dugnadsgjengen med ein fantastisk bra gjennomført mat-og drikkestasjon i Norheimsund under rittet Bergen-Voss!
Omlag 2000 vafler vart steikt og forsvant, samme antall skiver påsmurt, 12 kassar med bananer delt opp, fleire hundre liter kaffi kokt og sportsdrikk tilsvarende godt over 2000 kopper vart blanda. Alt dette vart servert på slik ein måte at ein dreven kelner hadde fått tårer i augekroken. Arrangøren og syklister kan ikkje få rosa oss nok, takka vera 38 smørblide LSK´arar vart nok ein Bergen-Voss Pistop ein kjempesuksess!