Det vart sylvmedalje på Hordaland sitt stafettlag for herrer senior under NM i skiksyting i Sirdal sundag. På sisteetappe gjekk Erling Aalvik frå Kvam Lsk Hordaland opp frå 4. til 2. plass berre slått av Sør-Trøndelag med Emil Hegle Svendsen på siste etappe. Me gratulerer!
Erling Aalvik gjorde det skarpt under NM i skiskyting i Sirdal. Etter 6. plass på 20 km’eren onsdag vart det ein svak 115. plass på sprinten fredag. Han tok kraftig revansj laurdag under fellesstarten. Erling starta med 2 bom på fyrste liggjande og ut på 36. plass. Deretter var fylte han på dei neste tre seriane og gjekk seg heilt opp til 5. plass slått med 1:20 av vinnaren, Henrik L’Abée-Lund frå Oslo Skiskytterlag. Det seier litt om nivået til Erling når han berre vart slått av Emil Hegle Svendsen med 31 sekund. Sundag gjekk Erling ankeretappen på Hordaland sitt stafettlag, og han fornekta seg ikkje her heller. Etter eit spanande løp gjekk Erling Aalvik Hordaland inn til ein flott 2. plass etter at han fikk klapp på oksla av Bjarte Solvang frå Hålandsdalen IL som nr 4. Erling var igjen slått av Emil Hegle Svendsen som gjekk Sør-Trøndelag inn til siger 19,9 sekund føre Hordaland. Erling var uheldig og falt rett ut frå siste skyting då han var like bak dei to i front. Utan dette kan ein berre fantasere om kva det kunne ha blitt. På Hordaland sitt lag gjekk Bjarne Mørkve, Thomas Fenne og Bjarte Solvang og vår mann; Erling Aalvik. Me gratulerer med framifrå NM innsats!