
Asgaut Laupsa Mo i farta! (Foto: Silje Laupsa Mo)
Laurdag 2. mars inviterte Voss Skiskyttarlag til KM Sprint i Voss Ski- og tursenter. Kvam LSK stilte med 10 utøvarar i alderen 9-14 år.
I klassen for gutar 13 år slo Asgaut Laupsa Mo til med sylvplass berre 13 sek. bak gullplassen. Bra jobba! Trym Gauteplass Skår enda på 5. plass i klassen for gutar 14 år. Jentene Hedda Høen Mo og Andrea Sørheim Almeland enda på høvevis 10. og 8. plass i 13-årsklassen. I klassen for gutar 11 år gjekk Eskil Høen Mo, Henrik Mo Seljebotn og Torje Laupsa Mo, der Eskil kom på ein flott 4. plass, Torje enda på 6. plass og Henrik på 8.plass. Flott innsats!
I dei yngste klassane deltok Vijus Vencius (9 år), Tuva Gauteplass Skår (9 år) og Hans Rykkje (10 år). Dei skaut fullt hus alle tre! Bra jobba.
Fleire bilete (alle teke av Silje Laupsa Mo):