20140531_092021I dag serverte verdas flottaste ski- og skiskyttarklubb mat og drykk til deltakarane i verdas flottaste sykkelritt i verdas vakraste landskap og med verdas flottaste ver. Vakrare vert det rett og slett ikkje.

20140531_09185920140531_09343720140531_091919Pit-stop’en i Norheimsund så ut til å vere ein suksess. Det heile gjekk stort sett etter planen og spesielt bra når ein veit at dette var fyrst gongen dette rittet stogga i Norheimsund. Spaninga var:; «Kor mange stoggar her». Det viste seg å vere ganske mange og dei smilte om kapp med sola og var særs nøgd med serveringa. Det ble servert nærare 1500 vaflar, 2000 skiver, 3500 liter sportsdrikk, vann og saft. Me var over 30 personer som stilte frå kl. 07:00 og utover. Det heile var rydda til klokka var eitt. Eg rettar ein stor takk til Ingunn Mo og Jan Roy Eide som stod bak det meste av organiseringa og ikkje minst ein stor takk til alle foreldre, unge og barn som stod på og leverte bokstaveleg talt varene!