
Ein stor gjeng jublar for dei nye klubbluane!
36 deltakarar hadde det utroleg kjekt i lag i helga under treningssamlinga på Voss. Fina veret, flott anlegg, inspirerande trenarar, nyttige treningar, kjekke kamerater, oppofrande vaksne, god mat og drykk, kjekk nymotens gissetevling er berre nokre av stikkorda frå samlinga. Me legg ved nokre bilete som ber bod om at det verkeleg er kjekt å vere i lag i Kvam Lsk!

Verdsmeister Gro Marit Istad Kristiansen leia skytetreningane

Vebjørn i herleg driv!

Vilde og Ingvild inn til skyting

Flotte forhold på standplass

Trym’en har stålkontroll på skytinga!

På bøljan den blå – rafting i Vosso krev godt lagarbeid!

Ikkje rart at stemninga er stor – faktisk før raftinga har starta!

Klatring i tretoppane baud på utfordringar for store og små

Vinnarane av Kahoort’en laurdags kveld – vinnaren var den leiande leiaren.