Det er stor pågang på skileiken i år og det er me veldig glad for! Me må utvida gruppane og treng difor fleire instruktørar. Det er behov for 2 stk som er hovudansvarlege og 2-4 stk som kan vera medhjelparar. Det å vera hovudansvarleg innebærer å møta litt for det byrjar, ha eit opprop ved oppstart av kvar skileik, hente utstyr og ta med til der ein skal vera, ha oversikt over kvar gruppa skal vera, setje i gang aktivitetane, m.m.
Geir Morten Utskot er den overordna ansvarleg for skileiken i år og ein må samarbeide med han og ved behov laga hopp eller liknande. Ein kan sjølvsagt delegera jobb til dei andre på gruppa og.
Medhjelparane hjelper til med å halde alle barna samla, hjelpe dei som treng hjelp, m.m. Det er verken ein stor eller vanskeleg jobb som heller ikkje krev noko utstrakt erfaring med langrenn. Det viktigaste er at barna føler seg trygge medan dei er på skileik og opplever mestring og skiglede.
Ta kontakt med Ingunn Mo på telefon 997 38 755 eller e-post ingunnmo@hotmail.com om de kan bidra eller har ytterlige spørsmål!