Gla’laks cup nr. 9 vart avvikla på Sjusete i dag. Nærare 80 deltakarar frå heile Hordaland og Vik i Sogn sprinta seg igjennom snøvêret. Flotte løype, strøken skytebane og dyktige funksjonærar sørga for at rennet vart vellukka. 18 løparar frå Kvam Lsk deltok og dei sikra seg 3 fyrste, 2 andre, 2 tredje, 2 fjerde og 1 femteplass.
Sigre til Ingvild Lilletveit Kvåle (J13), Hanna Børve (J15) og ikkje minst Bjørg Marit Valland i kvinner senior. Ingvild og Hanna hadde berre ein bom kvar på 10 skot. Bjørg Marit dro til med solid fart i sporet og berre 2 bom på standplass. Ho vann med heile 4:37 på Anette Berlandstveit frå Hålandsdalen. Det er god grunn til ôg å nevne flotte 2. plasser til Trym Gauteplass Skår i G11 og Eirin Tufteland i J16.
Gratulerer alle de andre ôg med framifrå innsats; Mari Børve Rasmussen, Randi Gravdal, Gaute Øymo Mælen, Vilde Lunde Aalvik, Anders Aalvik Stranden og Joanna Valland.
Kjekt å sjå at dei yngre løparane fulgte opp laurdagen med flott løp igjen i dag. Eigil Hildonen-Teigland, Frede Gravdal, Jonas Ølmheim, Thea Aarrestad Fykse, Asgaut Laupsa Mo, Isabell Sleire og Hedda Høen Mo. Gratulerer alle saman med flotte løp!