Det var tydelegvis trong for informasjon om klubb, trening, renn, utstyr og mykje meir. I kveld benka kring 40 born og vaksne seg i skistova for å høyre meir om klubben og tilbodet me har. – Me gjer dette fordi me veit at mange av dei nye i klubben ikkje har like mykje kunnskap om langrenn og skiskyting som me røynde har, sa leiar Tom Rasmussen. Han fekk god hjelp av styremedlemmene Thomas Mælen og Kristin K. Gjøsæter i framføringa. Presentasjonen finn du her: 2016_01_05 Informasjonsmøte Kvam LSK_endelig